Blogglistenhits

onsdag 1. november 2017

Læreres egne erfaringer: "Plakater i en fei" i ungdomsskolen

Vi har spurt noen lærere som har kommentert innlegg på Engasjerende naturfag-siden på facebook om de kunne tenke seg å skrive et blogginnlegg om egne erfaringer med de pedagogiske grepene som vi presenterer. Mange har sagt ja til dette, og vi presenterer innleggene deres i denne "Gjesteblogger"-serien utover høsten.


Else Brynestad Erdal, lærer ved Olden skole i Stryn, forteller:


Glimt fra klasserommet - Plakater i en fei som metode i ungdomsskulen

Plakat i en fei - på 10.trinn. Vekstdeling forklart på en superchill måte!



I arbeidet med naturfag i ein klasse som no går på 10. trinn er det blitt nytta ulike tips og opplegg frå ”Engasjerende naturfag” gjennom heile ungdomsskulen. Vi nytta til dømes Plakater i en fei (se beskrivelse her) i arbeidet med fotosyntese i 8. klasse, men då med framføring for færre medelevar.


I 10. klasse har klassen til no jobba med Plakater i en fei i samband med arv og miljø.

Klassen vart delt inn i grupper på tre elevar, for å sikre at alle fekk delta aktivt både i arbeidet med plakaten og i framføringa. Elevane jobba med plakatane i 20 minutt, og presenterte deretter for klassen.


Metoden skapte stort engasjement i klasserommet, og samtlege elevar deltok med stor iver.

Elevane sine tilbakemeldingar er at nokre har dette som ein favorittmetode i undervisninga, medan andre ser det som ei spennande avveksling. Etter arbeidet i perioden vart timen med plakatar trekt fram av så godt som alle elevane som noko dei opplevde hadde fungert godt for både dei sjølve og klassen.


På trinnets årsmøte i vår uttrykte foreldre ynskje om endå større fokus på munnlege framføringar. Plakater i en fei er ein metode som kan tilpassast med framføring for både få elevar eller heile klassen. Slik kan ein på enkelt vis gje elevane trening i å forklare eit naturfagleg emne med eigne ord med utgangspunkt i ein plakat.


Døme på plakatar laga i klassen:














Else Brynestad Erdal
lærar ved Olden Skule
STRYN

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar